Sunnhordlandsforfattarar

Tekst: Knut Rage

«Sunnhordlandslitteratur» har vorte eit omgrep. Men kva ligg det eigentleg i det?

Einar Økland

 

Einar Økland

I 1978 gav Det Norske Samlaget ut dei to bøkene «Vestlandsdiktarar» – der nokre forfattarar frå Sunnhordland er representert – og «Sunnhordlandsdiktarar» redigert av Idar Stegane, som verkeleg tok opp Sunnhordlandslitteraturen som noko for seg.

Nynorsken slo tidleg rot her i bygdene. Og det dukka også tidleg opp ei rekkje forfattarar – og nokre av dei vart store forfattarnamn,  det er vel nok å nemna namn som Jens Tvedt og Ragnvald Vaage, og seinare Johannes Heggland. Noko av nøkkelen til svaret på kva Sunnhordlandslitteratur eigentleg er ligg kanskje her, i språket – både det språket som vert tala og det som vert skrive.

I essayet «Folkedikting i eit mellomrom» (i boka «Sunnhordlandsdiktarar», 1978) går Einar Økland inn på nett dette med språket – om kva tyding det talte språket har for folk flest. Du kan imponera med kva det skal vera, du kan starta ein forretning eller gjera det godt på aksjemarknaden, eller bli oppdagelsesreisande eller ein berømt skiløpar, men det er først når du har sagt noko som folk synest er godt sagt, eller ein god seiemåte, at du vinn folk si anerkjenning. Det som er godt gjort har ingen spesiell status på desse kantar. Me kjenner alle vendingar som «Men då sku» du høyrt ka han sa…» eller «Han sa det han Rasmus før han reiste heim til folket sitt i 1954, at…» osv. Slike språklege utsagn – det som er godt sagt – er mest det einaste som kan få ein sindig vestlending til å rosa ein annan, hevdar Økland. Mange slike ord og gode seiemåter har såleis vunne seg ein fast plass i den daglege folketalen. Johannes Heggland sa ein gong i eit avisintervju at han plyndra Tysnes-dialekten i romanane sine, det levande språket som ein nødvendigvis ikkje alltid finn i ordlister, men som ein finn mellom folk flest, i kvardag og fest, i kavet for det daglege utkomet. Det er dette språket han tufta mykje av si skjønnlitterære verksemd på.

I 2004 heiv Rune Belsvik seg rundt og inviterte alle Sunnhordlandsforfattarane til å skriva ein antologi med sentimentalitet som ein raud tråd. Med på laget kom også fotograf Øyvind Hjelmen – og det heile resulterte i prosjektet «Sentimental», som det også vart bok av, med undertittelen «Sunnhordlandsforfattarane og Øyvind Hjelmen», i 2005. Her er det meste av det som kan krypa og gå av samtidige Sunnhordlandsforfattarar samla mellom to permar. Så kan den som vil bla i boka og leita etter fellesnemnarar. Men akk, i forordet skriv Per Olav Kaldestad at fellesnemnarar neppe finst. Ein kan lett få det inntrykket at Sunnhordlandsforfattarane er meir like enn kva som faktisk er tilfellet, seier han. «Me har ikkje eit litterært program, me representerer ingen spesiell retning eller -isme, me har ingen samla marknadsstrategi, me er berre ei samling konkurrerande einmannsbedrifter med all mogleg interesse av å vera så ulike som råd. Det viktige er ikkje korfor me finst, men at me finst.» Med andre ord, det er altså i følge Kaldestad ikkje eit songkor du møter i Sunnhordland, men ein gjeng med solistar.

Men finst det likevel ein fellesnemnar?

Kanskje det at Sunnhordlandsforfattarane med rot i det lokale også har kryssa grensa og nådd ut til eit stort publikum. Tenk på Ragnar Hovland, Rune Belsvik, Ingelin Røssland – alle har dei teke seg fram til eit publikum over heile landet, ja, i utlandet med, trass i sin umiskjennelege Sunnhordlandstone. Å vera lokal treng ikkje tyda det same som at ein er «lokal», ein heimføding. Lokal kan også samstundes vera sin eigen rake motsetnad.

På desse sidene kan du lesa meir om Sunnhordlandslitteratur og Sunnhordlandsforfattarar – det finst ikkje den kommunen som ikkje har ein spennande forfattar å by på!

 

FORFATTARAR FRÅ AUSTEVOLL

Austevoll har kanskje ikkje dei store forfattarnamna å by på, men nokre lokale skribentar og diktarar fortener å bli nemnd.

Den mest sentrale av desse er Johan Tufteland, fødd 1913 på Gåsnes, Stolmen i AJohan Tuftelandustevoll, som har skrive gards- og ættesoga for Austevoll. Men han gav også ut skjønnlitteratur, både diktsamlingar og romanar som kom ut på Det Norske Samlaget. Tufteland gjendikta også delar av Emily Dickinson sin lyrikk, dessutan salmar av Nikolai Grundtvig og andre salmediktarar. Fleire av salmane er teke med i Norsk Salmebok frå 1985.

Det er gjerne havet og livet nær brenningane som er den primære motivkrinsen i diktinga hans. Men kvardagen er langtfrå vonlaus – det blir ofte slått ein stjernesådd himmel over kystfolket sitt strenge tilvere. Forma er kort, stilen er knapp og fri og påverka av Olav H. Hauge, som han møtte og førte ei omfattande brevveksling med om dikting og diktararar. Tufteland hadde også i ei årrekkje eit hyppig brevbyte med Einar Økland om litterære emne, og i boka «Dikt og prosa i utval» (red. Idar Stegane og Reidar Storaas) som kom ut i 2013 til markeringa av hundreårsdagen for Tufteland sin fødsel, teiknar Økland eit varmt portrett av venen frå Austevoll. Det er også laga ei musikalsk dramatisering sett saman av Tufteland sine dikt og hans historiske framstilling av brugdefangsten frå 1770-1850, med musikk av  sonen Jan Tufteland. Johan Tufteland døydde i 1998.

Les meir om Johan Tufteland på Allkunne.no

Hallvard Bertin Alfredsen Birkeland (1926-2003) publiserte ei lita diktsamling 1997, og frå Jacob Karin Aga  (f. 1938) har det kome sjølvpubliserte dikt. Nemnast må også Elias Eliassen Fondenes (f. 1927) som har skrive humoristiske småstubbar.

 

FORFATTARAR FRÅ BØMLO

Solfrid Sivertsen er fødd 1947 på Moster. Sidan debuten med novellesamlinga «Porselensfiguren» i 1986 Solfrid Sivertsen
har ho gjeve ut ei rekkje barnebøker, romanar, noveller og dikt. I 1995 fekk ho Nynorsk litteraturpris for romanen «Grøn koffert » (1994), og i 2009 vart ho vinnar av Margbok sin romankonkurranse med «Før klokka fire».  Solfrid Sivertsen har fått anerkjenning for å skriva innsiktsfullt om djupet bak kvardagen utan å ty til klisjear. Solfrid Sivertsen har tidlegare arbeidd ved bibliotekfilialen på Moster. Ho har to born og er gift med kunstnaren Mike McGurk.

 

bjørn Sortland

Bjørn Sortland er fødd i Bergen 1968 og oppvaksen på Sortland på Bømlo, og er utdanna sosionom. Han har også gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Etter debuten i 1992 har han for det meste skrive bøker for born og ungdom. Særleg serien «Kunstdetektivene» som til no har passert meir enn femten bøker har vorte populære blant mange unge. Men også ei rekkje andre bøker har slått godt an. For forfattarskapen har Bjørn Sortland fått ei rekkje prisar, og det er då heller ikkje til å undrast over at bøkene hans er omsett til fleire framande språk.

Kjærleik, humor og religion er viktige ingrediensar i Bjørn Sortland sine bøker, som t.d. «Love Light» som han fekk litteraturprisen i Kultur- og kirkedepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur for i 1996.

Ta turen innom Bjørn Sortland si eiga heimeside!

 

Bømlo byr også på mykje annan spennande litteratur. Kristine Sortland (f. 1923 i Risør) har gjeve ut to diktsamlingar på eige forlag. Elles er det gjerne dokumentarsjangeren som har dominert det litterære biletet på Bømlo.

Sjølv om han er fødd i Lyngdal, har Kristian Bredesen (f. 1923) budd store delar av sitt vaksne liv på Bømlo. Han har skrive både skjønnlitteratur og dokumentarbøker, gjerne med emne frå tatermiljøet.

Brynjar Stautland (f. 1962) har gjeve ut fleire dokumentarbøker, med emne frå gullgravingsverksemda på Bømlo, frå sjølivet og krigen. Det har også Birger Røksund (1910-2001) gjort, men med meir lokalt minnestoff, gjerne av den typen ein kan kalla folkelivsskildringar. Røksund skreiv også lyrikk. Endeleg må nemnast Kristine Sele (f. 1946) som også har konsentrert seg om dokumentarsjangeren, med lokalhistoriske bøker og dokumentarskildringar.

 

FORFATTARAR FRÅ ETNE

Ingvar Moe (1936 – 1993) vaks opp i Etnesjøen, som han har skildra i den sjølvbiografiske oppvekstromanenIngvar Moe

«Rundt Sjøen» (1986). Frå debuten med den nokså nærgåande diktsamlinga «Løktastolpefrø» i 1975, som skaffa han Tarjei Vesaas» debutantpris, skulle han koma til å utvikla seg til ein mangfaldig forfattar, kåsør og moromann. Ikkje minst var han ein høgt skatta morgonkåsør i NRK radio.

Allereie frå dei første diktsamlingane vann Ingvar Moe seg ein sentral plass i norsk samtidslitteratur. Frå hans penn  kom det fleire kritikarrosa diktsamlingar og særleg barne- og ungdombøker, i tillegg til nokre romanar og ein del andre skrifter, m.a. skodespel og som tekstforfattar til Smørbukk-heftet jula 1984. Av barnebøker kan særleg nemnast bøkene om hunden Garm – «Dei må ikkje skyta Garm» (1979) og «Garm blir borte» (1980) – og dei elleville forteljingane om oldemor, i bøkene «Heia oldemor!» (1984), «Oldemor rock!» (1985), «Oldemor og skurken» (1989) og «Oldemor gifter seg» (1993). Det kom også fleire fine samlingar med både noveller og kåseri, som «Sommaren te Ingjeberr» (1976) og «Nå skine det øve! : stubbar og folkalivsskildringar ifrå bygdamiljø» (1988).

Dei første bøkene var skrivne på dialekt, og Ingar Moe skulle koma til å halda på nærleiken til det folkelege, samstundes som han tok krasse oppgjer med eit trangsynt bygdemiljø. Det vert også sagt at diktinga hans stod nær den tradisjonelle folkediktinga.

Ingvar Moe var busett på Nøtterøy, der han arbeidde som lærar. Då han døydde vart ein merkbar stemme borte frå radioen og mang ein talarstol, og ikkje minst i litteraturen.

Utdjupande artikkel om Ingvar Moe på Allkunne.no

Jul i gamle dagar – les dette morosame kåseriet av Ingvar Moe

 

Olav Vik (1910 – 1990) gav ut nokre få diktsamlingar på mindre forlag i si levetid, men har i seinare tid vore trekt fram som ei litterær røyst som har hatt stor tyding for folket i Etne. Olav Vik arbeidde som skogreinsingsleiar i kommunen. I  1941 debuterte han med diktsamlinga «Hjartemål». Sju år seinare kom samlinga «Tuva og tårnet». Frå 1975 og fram til han døydde kom det ut fleire samlingar, og i 1993 boka «Kor sælt» ved Johannes Hellene. Biblioteket i Etne forvaltar i dag den litterære arven etter Olav Vik. Det er også danna ei eiga Olav Vik-stifting. Sjå meir på nettsida til Olav Vik Stiftelsen.

 

FORFATTARAR FRÅ FITJAR

Oskar Stein Bjørlykke er fødd 1939 og er frå Fitjar. Han har teologisk embetseksamen, og har såleis undervist i kristendom i mange år. Under arbeidet med Bibelen 2011 vart han trekt inn som litterær konsulent.Bjørlykke

Bjørlykke er ikkje av dei forfattarane som har vekt mest merksemd i media, men er kjend som ein kresen stilist og har fått fleire litterære prisar, m.a. Kulturdepartementets spesialpris for barne- og ungdomslitteratur i 1999 for «Hendene i veret» (1998). Forfattarskapen hans er rikhaldig, han har skrive meir enn 40 bøker i mange ulike sjangrar – romanar, noveller, dikt, forteljingar, barnebøker, bønnebøker, andaktssamlingar og musikkspel. Sentrale tema i diktinga hans er tidlause spørsmål og forholdet til Gud og historia, formidla i eit varsamt og gjerne lyrisk språk.

Debuten kom i 1966 med diktsamlinga «Deg høyrer dagen til». I tillegg til lyrikk har han elles skrive ei rekkja romanar for vaksne. Nokre av dei har sjølvbiografiske trekk, eller med detaljerte tidsbilete med lett gjenkjennelege miljø, som i «Presta-Svein» (1989), «Agape» (1992) og «Sally» (1994). Ei populær bok hos mange har vore skildringa hans av oppvekst på Stord, i romanen «Den tid den sorg» (1996). Den nyaste boka hans er romanen «Vår tid», som kom ut i 2012.

Oskar Stein Bjørlykke har også skrive lyrikk og noveller for born, som har skaffa han stor anerkjenning.  Skrivemåten er modernistisk, forma som kortdikt, gjerne med utgangspunkt i kvardagslege situasjonar. Den første var «Hallo mamma!» (1980), så kom «Det dirrar slik» (1989) og «Ute – inne, ute – inne» (1995). For barnebøkene sine fekk han Falturiltu-prisen i 2007.

Som teolog har Bjørlykke naturleg nok også skrive religiøse tekstar, både for born og vaksne. Han har òg omsett bibelhistorier for born.

 

Arild Stubhaug ein sjeldan kombinasjon av lyrikar, matematikar, ein framifrå formidlar avStubhaug avansert vitskap og forfattar av biografiar om matematikarar.

Arild Stubhaug er fødd 1948 i Naustdal i Sunnfjord, men vaks opp på Fitjar. Fagkrinsen hans omfattar matematikk, litteraturvitskap og religionshistorie. I 1970 debuterte han med diktsamlinga «Utkantane». Seinare har det kome ei rekkje diktsamlingar frå hans hand.

Stubhaug har òg skrive prisløna biografiar om matematikarar, m.a. om  Niels Henrik Abel i «Eit foranskutt lyn» (1996) og (2004) som han fekk Brageprisen for i 1996, der han også maktar å levandegjera og forklara vanskelege matematiske problem for lesaren. På same vis har han formidla kunnskap om sentrale og viktige vitskapsfolk og embetsmenn.

Han var leiar for Den norske Forfatterforenings litterære råd (1995–98), nestleiar i styret i foreininga (2008–10) og nestleiar i Stiftelsen Litteraturhuset (2007–09). Ei rekkje prisar er blitt forfattarskapen hans til del, m.a. Norsk språkråds språkpris (2001), utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo (2002), Det Norske Akademis Pris (2008) og Doblougprisen (2010). Bøkene hans er omsette til fleire språk.

 

FORFATTARAR FRÅ KVINNHERAD

Frå Kvinnherad kjem ei lang rekkje forfattarar der nokre må seiast å høyra til «A-laget» i norsk litteratur – ingen nemnd, ingen gløymd. Det kan kanskje diskuterast om Ragnar Hovland, som er fødd i Bergen, kan reknast med i denne flokken, men ettersom han budde her i fleire produktive år tek me han med her. Frå Kvinnherad kjem også nokre av dei aller eldste namna i den nynorske skriftkulturen.

jens tvedt

Jens Tvedt (1857-1935) vart fødd i Omvikdalen og debuterte i 1885 med novellesamlinga «Inn i fjordarne».  I åra som følgde kom det ein jamn straum av bøker, samstundes som Jens Tvedt arbeidde som lærar og seinare bibliotekar i Stavanger. Bøkene hans er prega av ein lun forteljarmåte, og skildringane er breitt anlagt, med utgangspunkt i den levande tradisjonen i heimbygda. Det er såleis gjerne Vestlandsbøndene og deira kår som dannar bakteppet og ofte er tekne på kornet i bøker som «Vanheppa» (1891) og framhaldet «Brite-Per» (1895), samt «Godmenne» (1893). Ein finn også ein makalaus komikk i forteljinga om «Madli und» Apalen» (1900), som fekk eit framhald med «Guds Løn» (1906).

Bøkene til Jens Tvedt vart godt mottekne av lesarane, sjølv om kritikarane var noko lunkne til særleg dei seinare bøkene hans. I 1912 fekk Jens Tvedt kunstnarløn. Ein byste av Tvedt,  utført av S. Kyllingstad, vart avduka utanfor det dåverande biblioteket i Stavanger i 1932.

Les meir om Jens Tvedt i denne artikkelen på lokalhistoriewiki.no

 

ragnvald vaage

Ragnvald Vaage (1889-1966) vart fødd og budde mest heile sitt liv på Våge på Sunde i Kvinnherad, der han dreiv gard attåt skrivinga.

Seksten år gammal tok han seg arbeid i Bergen, og drog seinare på sildefiske. I 1906-1907 gjekk han to år på Voss folkehøgskule, før han drog til Jæren og lærte seg jord- og hagebruk. I 1912 drog han til Tyskland og arbeidde som gartnar på ein stor gard, samstundes som han noko seinare tok utdanning på Askov Højskole i Danmark. Utdanninga og reisene danna grunnlaget for hans seinare verksemd som ein samfunnsengasjert folketalar med røter i Hordaland Ungdomslag.

Mellom debuten i 1912 og til den siste boka kom ut i 1965 skreiv Ragnvald Vaage 20 bøker – sju diktsamlingar, barnebøker, romanar, fortellingar og noveller. I dag vert han nok hugsa best for barnebøkene, særleg «Gutane paa Tedneholmen» (1923) som var den første barneboka han skreiv. Hovudpersonen er den 12 år gamle Torvall, som slit med å riva seg laus frå barndommen og tre inn i vaksenlivet i eit trangt bygdemiljø. Freistnaden på å byggja sin eigen båt mislukkast. I bøkene «Den forunderlege vegen» (1949) og «Den gode sumaren» (1955) er det sin eigen barndom han krinsar om. Bøkene hans har gjerne ein god moral, med eit nært tilhøve til Gud.

Ståle Kyllingstad laga ein statue av Ragnvald Vaage som vart avduka ved brua på Sunde i 1979. Lars Amund Vaage har sagt om farfaren at han var «ein stillferdig og smilande mann som skreiv triste bøker”.  Komponisten Knut Vaage er også eit barnebarn av Ragvald Vaage. Knut Vaage har sett melodi til fleire av bestefaren sine dikt.

Les meir om Ragnvald Vaage på Allkunne.no

 

Lars Amund Vaage (f.  1952) vaks opp på Sunde i Kvinnherad. Han debuterte i 1979 med den sosialrealistiskelars amund vaage soldatromanen «Øvelse Kald Vinter». Den neste boka, «Fager kveldssol smiler» (1982) var meir eksperimentell i forma og vart eit litterært gjennombrot. Sidan då har det følgd ei lang rekkje barnebøker, lyrikk og romanar, gjerne med eit poetisk språk.

Særleg kan nemnast kunstnarromanen «Rubato» (1995), som han han fekk  Kritikarprisen for. I boka «Den framande byen. Ein roman om Wilhelm Reich» (1999) gjer han ein freistnad på å sjå Reich frå vrangen. Nemnast må også «Kunsten å gå» (2002) og  «Utanfor institusjonen» (2006), ei urovekkjande skildring av livet på ein psykiatrisk institusjon.

Lars Amund Vaage har også skrive skodespelet «Baronen» (1987), som har vore oppført årleg på Baroniet i Rosendal.

For forfattarskapen sin har Lars Amund Vaage fått fleire prisar, mellom dei Brageprisen i 2012. Han har også vore Festspeldiktar under Festspillene i Bergen 2001 og festspeldikter ved Dei Nynorske Festspela i 2008.

Les meir om Lars Amund Vaage på allkunne.no

 

hans sande

Hans Sande (f. 1946 i Bergen) har skrive kanskje nokre av dei mest sprelske bøkene som har kome frå Sunnhordland, iallfall frå Kvinnherad. Hans Sande er psykiater og arbeidde i mange år som lege på Valen sjukehus, og har også gjort seg gjeldande som kunstnar. Sande vart lagt merke til allereie som debutant, då han fekk Tarjei Vesaas´ debutantpris for lyrikkboka «Strime». Sidan har det kome kring 40 bøker, både romanar og diktsamlinger, men aller mest bøker for born og ungdom der han ofte «tek det heilt ut» med sine oppfinnsamme fabuleringar. Fleire av bøkene har han illustrert sjølv.

Ta turen innom heimesida til Hans Sande og la deg inspirera!

 

Per Olav Kaldestad (f. 1947) vaks opp på Husnes og debuterte som lyrikar i 1973 med samlingaper olav kaldestad «Kikkert». Forfattarskapen hans spennar vidt, frå barnebøker til gammalengelske sonettar og ramsalt krim. Litterært er det gjerne likevel i tematisk sett moderne dikt som er skrivne i bundne, ofte klassiske strofeformer at Kaldestad peikar seg ut som ein diktar av rang, det gjer han også som gjendiktar av poetar som  D. H. Lawrence, W. H. Auden og William Shakespeares «Sonettar og songar» (2002).

Dei fleste vil setja Kaldestad i samband med barnelitteratur – både hans eigne barnebøker og som redaktør for Årboka Litteratur for barn og unge. Nemnast må også reisebøkene han har skrive i lag med Dag Helleve og Ragnar Hovland, og essays om litteratur som er samla i bøkene «Glade bodskapar» (1987) og «Den nye lyrikken» (1996).

Per Olav Kaldestad har i tillegg til forfattarskapen også lagt ned ein stor innsats i forskjellige litterære organisasjonar og foreningar, m.a. som styreleiar i NBU frå 1996 til 1998, styreleiar i Nettverket Ord & Bilde frå 1999 til 2010, og som sitjande styreleiar i Norsk Forfattarsentrum (frå 2011).

 

anne karin fonneland

Anne Karin Fonneland (f. 1956) er frå Sunde, der ho også bur i dag. Til dagleg underviser ho i norsk og samfunnsfag ved Kvinnherad vidaregåande skule.

I 1996 debuterte ho med diktsamlinga «Marmormjølk», der eit gjennomgåande tema er menneskesinnet som kjem på kollisjonskurs med utanforliggjande krefter. Seinare har ho følgd opp med fleire lyrikksamlingar som alle har hausta gode kritikkar. I tekstane hennar handlar det ofte om dei grunnleggjande kåra i menneskelivet, der det vert gjeve ord til det ordlause. I «Kvit, og som vind» (2004) skriv ho dikt om alderdom i den siste livsfasen på institusjon. Nemnast må også «Stemma mi er her» (2008), som inneheld dikt og bilete frå baroniet i Rosendal, men med eit vidare perspektiv.

Fonneland har også skrive og medverka til bøker for born, i antologiane «Heltane er mette» (1996) og året etter i «Under påskemånen». I 1998 kom oppfølgjaren «Sju-ni-tretten», om ei klasse på sju elevar som no skal få ein ny elev.

 

tor arve røssland

Tor Arve Røssland (f. 1971) vaks opp på Husnes og er i dag busett på Halhjem i Os. Han skriv for born og ungdom.

Barnebøkene hans har fått eit stort publikum. Han debuterte i 1999 med «Pode», som har vorte følgd opp med tre snodige bøker til, alle illustrert av Øyvind Torseter. Også dei tre bøkene i grøssarserien Svarte-Mathilde har vorte svært populære.

Også ungdom set pris på bøkene hans, som spenningsbøkene «Gamer» (2011), «Snatch» og «Soledad» (begge 2014), som alle tek opp i seg element av trivialkultur som ungdom er fortrulege med – musikk, filmar, bøker og ikkje minst  dataspel. For boka «Gamer» fekk han i 2012 prisen Ordknappen.

Tor Arve Røssland sin nettstad finn du mykje artig stoff!

 

Geir Olav Jørgensen (f. 1971) vaks opp på Husnes, men har sidan den tid reist mykje rundt i verda,geir olav jørgensen m.a. som gatemusikant og fløytist i eit band. Han debuterte i 2006 med romanen «Mono», der mykje av tematikken for forfattarskapen hans vert sett – det handlar om samfunnet sett nedanfrå, om outsidarar og folk som lever i skuggen, bokstaveleg tala. Underlege bøker, men samstundes solid planta i ein norsk, realistisk tradisjon.

I boka «Høgare enn sola» (2013) er det visse sjølvbiografiske trekk. Eg-personen vender tilbake til heimlandet etter ei lang reise. Med seg har han ein amerikanar og ein israelar. Dei finn eit tomt hus i skogen der dei slår seg ned, og her opnar dei ein pose med sinnsekspanderande rusmiddel …  Den litterære stilen i Jørgensen sine bøker er gjerne korthogd prosa, knapp men likevel pregnant.

Presentasjon av Geir Olav Jørgensen på Cappelen Damm

 

ragnar hovland

Ragnar Hovland (f. 1952) er utan tvil ein av «gigantane» i Sunnhordlandslitteraturen i nyare tid – og truleg den einaste ein kan kalla kultforfattar. Ved fleire høve har Hovland omtala seg sjølv som ein «all round-vestlending», og det er såleis eit spørsmål om han reint geografisk høyrer heime ein bestemt stad. Men ettersom han nokre år hadde fast adresse på Husnes, innlemmer me han mellom dei mange gode forfattarane frå Kvinnherad.

Ragnar Hovland er presteson, fødd i Bergen og med oppvekst i Strandvik i Midthordland og Luster i Sogn før han byrja på gymnas i  Stavanger. I 1970-åra studerte han fransk og litteraturvitskap i Bergen, der han også jobba som medredaktør i tidsskriftet TUN. Frå 1980 til 1984 arbeidde han som lektor på Husnes, før han sidan vart lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, før han  busette seg i Oslo.

Debutromanen «Alltid fleire dagar» i 1979 vekte oppsikt, og i åra som følgde kom suksessbøker på løpande band, som «Vegen smal og porten trang» (1981) og «Sveve over vatna» (1982) – som ganske raskt etablerte Hovland som ein kultforfattar og gav han ein lesarkrins langt utover det som var vanleg for ein yngre nynorskforfattar. Stilen var ironisk, melankolsk og sentimental, men kanskje først og fremst slentrande og tørrvittig, og fekk nokre til å setja merkelappen «vestlandssurrealisme» på den litterære produksjonen hans.

Det kunne kanskje ha stoppa der, men det gjorde det ikkje. I dag kan Ragnar Hovland sjå tilbake på ein mangfaldig produksjon i dei fleste sjangrar, omlag førti bøker alt i alt – romanar, noveller, kortprosa, dramatikk, essays, dikt, artiklar, gjendiktingar, reiseskildringar, kriminalromanar, fagbøker, dikt og romanar for born og ungdom, i tillegg til mange omsetjingar, både frå fransk, engelsk og tysk. Hovland har også skrive for film, kabaretar og fjernsynsseriar, og har vore med på innspelinga av fleire album, m.a. i bandet Dei nye kapellanane. Ei rekkje av titlane har vore prisbelønte og kritikarrosa, og fleire romanar har vore hovudbøker i diverse bokklubbar.

Sjølv deler Hovland gjerne forfattarskapen sin i to – «rock’n roll”-delen, med halv- og heilgalne vestlendingar i dei fleste roller, og den meir dempa og sofistikerte “nouvelle vague”-delen, der personane gjerne vert styrte av krefter og hendingar dei ikkje rår over sjølv. Felles for begge delar er usikre einstøingar som råkar ut for relativt burleske, for ikkje å seia vanvittige hendingar på sin veg med bil og ferje på smale vestlandsvegar, der dei støtar på dei mest utrulege folk. Referansane til popkultur og klassikarar er mange, frå beat-poetar til Mark Twain, Donald, Hardy-gutane og Bibelen, popsongar og filmscenar, alt slikt som flyt i bakhovudet på folk, særleg hos Hovland sine figurar.

Ei rekkje av bøkene er blitt moderne klassikarar. Det gjeld særleg miljøet og persongalleriet i romanane «Sveve over vatna» (1982), «Paradis» (1991) og «Dr. Munks testamente» (1996), men også krimparodiar som «Utanfor sesongen» (1988).

Også som barnebokforfattar har Ragnar Hovland gjort suksess. Særleg kan nemnast brageprisvinnaren «Ein motorsykkel i natta» (1992) og «Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlét pappkartongen» (1993). Nemnast må også «Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville» (lyrikk for born og ungdom, 1996).

Til 20 års-jubileet som forfattar gav Hovland ut mursteinen «Åleine i Alpane. 20 bøker» med tjue nyskrivne tekstar i dei fleste sjangrar. Ragnar Hovland er framleis aktiv som forfattar. Den seinaste boka hans er «Frå Ragnar til alle» – Samlagets hovudkonsulent Ragnar Hovlands interne e-post offentleggjord!

Ragnar Hovland – intervju og anbefalingar

 

Kvinnherad har også nokre lokale røyster som har sett sitt preg på bygdalivet, både til kvardag og fest. Humoristen Arne Torget (f. 1966) frå Husnes har fått mange til å smila av tekstane hans. Gjennom åra har han vorte husvarm husdiktar i både Kvinnheringen, Sunnhordland og Grenda, og nokre bokutgjevingar har det også blitt. Helga Storedale Tjønn (f. 1935) har skrive verdfulle bidrag til den tradisjonelle forteljartradisjonen gjennom minne frå barndommen i boka «På Sinai fjell i Blåplommedalen og andre forteljingar» (2000), der ho også har teke godt vare på utdøyande dialektuttrykk frå Mauranger og Ølve i Kvinnherad. Marit Elisebet Totland (f. 1957) flytta til Kvinnherad etter ein karriere som ordførar på Bømlo 1995 til 1997, då ho fekk ny jobb som statssekretær i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i den første Bondevik-regjeringa. Ho var direktør ved Valen sjukehus frå 2001 til 2003, og har vore medlem av kommunestyret i Kvinnherad sidan 2007. Sidan 2000 har ho gjeve ut fleire bøker på lokale forlag, både lokalhistorie og ein roman frå seglskutetida.

 

FORFATTARAR FRÅ STORD

På sett og vis har Stord, som «hovudstaden» i Sunnhordlandsriket, vore utgangspunktet for mykje av det som har skjedd kring Sunnhordlandslitteraturen. Det er t.d. her dei fleste større litterære arrangementa har funne stad, sjølv om tyngdepunktet dei aller seinaste åra kanskje har flytta seg noko over til litteraturfestivalen på Bergslagen i Kvinnherad. Men «alle» Sunnhordlandsforfattarar har vore innom Stord – og kanskje vel så det.

Kven kjenner ikkje Dustefjerten, Bollefisen og Kavringreven i det underleg nære landet ved bekken – frå radioen, lese av forfattaren sjølv? Det er gjerne for desse fantasifigurane, som også vaksne set pris på å høyra om, at Rune Belsvik har vorte mest kjend for eit breiare publikum.

Dei seks bøkene om Dustefjerten og venene hans kom ut i åra 1991-2003 og har vorte ein langvarig suksess, både i radio, i bokform og som lydbøker – og også som barneopera.

rune belsvik

Rune Belsvik er fødd 1956 og vaks opp på Stord. Han har i heile si tid som forfattar vore ein leiande skikkelse i norsk barne- og ungdomslitteratur, og har stundom hausta storm frå foreldrehald. Debutboka «Ingen drittunge lenger» (1979) vekte sterke foreldreprotestar då ho gjekk som opplesingsserie i NRK. Gryande seksualitet og ungdomsforelsking har vore eit tema i fleire av bøkene hans, m.a. i dei fire bøkene om Arne Bu – «Alle dei fine jentene» (1988), «Kjærleiken er eit filmtriks» (1992), «På nippet» (1995) og «Ein naken gut» (2000) som fekk Brageprisen.

I «Tjuven» (2008) er det små borns seksualitet det handlar om, og nok ein gong vart det bråk og høg temperatur i debatten kring boka.

Det er ikkje berre born og ungdom Belsvik har skrive for, forfattarskapen hans omfattar også vaksen skjønnlitteratur og tekstar for amatørteater. Rune Belsvik har fått ei rekkje prisar for sin litterære innsats, m.a. Kritikarprisen 1997, Kulturdepartementets litteraturpris 1994, Nynorsk barnelitteraturpris 1993, Noregs Mållags litteraturpris 1980 og 1993, Cappelen-prisen 1987 og Melsom-prisen 1983.

Rune Belsvik røper den eigentlege grunnen til at han blei forfattar, til ein oppsøkjande reporter frå humorserien Radio Røynda (NRK).

 

atle hansen

Atle Hansen er velkjend for dei fleste sunnhordlendingar, som journalist, visesongar og forfattar. Han er fødd 1954 på Moster og skulle såleis kanskje vore plassert under Bømlo, men etter den tidvis noko selsomme logikken som me opererer med på denne nettsida vert han

teken med under Stord. Det skulle berre mangla, ettersom han er ein av dei sunnhordlandske personlegdommane som automatisk vert sett i samband med det kulturelle mangfaldet på Vikjo.

Debuten kom i 1997 med barneboka «Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill». Fem år seinare gav han ut sin første bok for vaksne, «Sargasso». Kritikkane var jamnt over gode. Boka vart følgd opp med oppvekstromanen «Som ein engel (2005)». Det er likevel for dei etter kvart mange spenningsbøkene for born og unge han er mest kjend, som «Det kvite pulveret» (2006), «Skatten i Skutevika» og «Den svarte oksen» (2009).

Vaksenboka «Syng meg heim» frå 2012 er hans siste roman.

Vil du bli endå betre kjend med Atle? Ta turen innom heimesida hans!

 

selma lønning aarø

Selma Lønning Aarø er fødd i 1972 og vaks opp på Stord. Ho debuterte i 1995 med romanen «Den endelige historien», som gjekk av med førsteprisen i Cappelens konkurranse om beste debutroman. Med det var også mykje av tematikken for dei seinare bøkene hennar fastsett – debutromanen handla om ei frigjort kvinnes erotiske eventyr, med ein viss porsjon humor. Ei form for frigjering kombinert med beisk humor er det også i boka «Jeg kommer snart» (2013), som handlar om ei kvinne som stengjer seg inne på soverommet med diverse seksuelle hjelpemiddel og nektar å koma ut att før ho har fått orgasme.

Gjennombrotet kom med romanen «Vill ni åka mera?» (2003), som handlar om kjærleik og erkjenning. I boka får lesaren fortald kjærleikshistoria om Berg og den blinde David, som kjenner henne betre enn ho kjenner seg sjølv – ei kvinne som har gøymt seg bort hos ein blind mann for å sleppa å sjå seg sjølv. Humor og parodi boblar under overflata i romanen «En rekke avbrutte forsøk» (2007), som er ein slags parodi over bruken av sjølvbiografisk stoff. «Venstre hånd over høyre skulder» (2008) handlar om kjærleik og smerte – også den skrive med både humor og alvor.

Kritikarane har stort sett vore særs positive til bokproduksjonen hennar. Forutan vaksenbøkene har det kome to bøker for born og ungdom – «Fortvilet kreps ’72» (2005) og «Reidar og den store magen» 2007. Selma Lønning Aarø er også ein kjend spaltist frå m.a. Dagbladet og Klassekampen.

 

per jan ingebrigtsen

Per Jan Ingebrigtsen er fødd 1946 og oppvaksen på Stord, der han framleis bur. Han arbeidar som lærar på  Stord vidaregåande skule med drama, norsk og samfunnsfag i fagkrinsen. Og det er nett drama som er stikkordet – Ingebrigtsen har jobba mykje med drama for ungdom, både som forfattar og instruktør. I periodar har han jobba som teaterinstruktør på heiltid, som oftast med base i Bergen. Nokre av skodespela hans er kome ut i bokform, og nokre er omsett til svensk og engelsk.

Han debuterte som poet med diktsamlinga «Rotbløyte» i 1975, og har seinare skrive både dikt og bøker for born og ungdom, både eigne utgjevingar og i antologiar.

Debuten som dramatikar kom i 1988, med stykket «Skyldig» som hadde premiere på  Blax Box Teater, Store Scene, Aker Brygge i Oslo og seinare vart vist på Vestlandsturné. Deretter fulgte rockemusikalen «Sumproser» i 1991 på Stord kulturhus. Seinare kom fleire andre stykke for scenen.

Hans hittil siste oppførte stykke er «Rødt lys» i 2006, som vart sett opp på Ole Bull Scene i Bergen, og seinare ei rekkje andre stader. Totalt vart stykket synt for om lag 100 000 menneske, og kom også i bokform. Tema er trafikk og miljø. Det vart følgd opp med boka «Blått lys!» i 2011.

Per Jan Ingebrigtsen har også gjort seg gjeldande som tekstforfattar på eit snes album, med m.a. Kenneth Sivertsen.

 

roald kaldestad

 

Roald Kaldestad (f. 1972 ) er son til Per Olav Kaldestad, og er både musikar og forfattar. Dei fleste ungar kjenner Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip, Reven Ruben og Polkagrisen.  Dei to første går framleis som høyrespel på NRK Super.

Ei anna fin barnebokforfattar frå Stord er Anna R. Folkestad (f. 1983), som debuterte med boka «Henrik And» i 2011. Etter det har det kome tre bøker om Unni og Gunni.  For Unni og Gunni reiser fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris for 2012. Les meir om Anna og figurane hennar på hennar eiga heimeside.

 

Kristine Tofte er fødd i 1970 og busett på Stord. Ho debuterte i 2009 med fantasyromanen «Song for Eirabu – Slaget på Vigrid». Tre år seinare kom bok nummer to, «Song for Eirabu – Vargtid». Med desse bøkene har ho skapt eit fiktivt univers med utspring i norrøne mytar, fylt med kvinnelege hovudpersonar, offerprestinner, gudar og andre mytiske skapnader.

For at den gamle spådomen om verdas ende skal bli røyndom, har tre søstre blitt avla fram av den eldste volva og den eldste av gudane, utstyrte med vilje og krefter dei sjølv er uvitande om. Rundt dei sørgjar ulike maktar og skapnader for at dei skal bli skikka til å gå lagnaden i møte. (Forlaget si omtale av bok 1, «Slaget på Vigrid».)

 

Relativt mange forfattarar har budd på Stord, fast eller i periodar av livet. Ikkje alle kan omtalast her, men av eldre forfattarar vil me spesielt nemna tre. Jean Føyen (1878 – 1942) var forfattar av fanteslekt. Han vart fødd i Stord hjelpefengsel som son av to omstreifarar og adoptert bort eit par månader etter fødselen. Som vaksen livnærte han seg som skribent og bokmeldar i Kristiania. Då han og kona døydde, vart alt dei eigde testamentert til Stord kommune. Stord folkebibliotek har ei eiga avdeling med boksamlinga hans og hans eigne skrifter.

Lars Eskeland (1867–1942) var skulemann, fødd på Stord. Han gav ut ei rekkje ulike skrifter, både talar, innlegg i blad og aviser, og frittståande verk. Han gav også ut lærebøker og fleire biografiar, mellom anna om Ole Vig og Ivar Aasen. Han skreiv teksten til «Vossasongen», og var elles ein markant personlegdom på Stord. Torborg Nedreaas (1906-1987) budde på Stord under krigen og eit par år seinare. Her skreiv ho sin mest kjende roman, «Av måneskinn gror det ingenting» (1947). Tema som vart omhandla var abort, kvinnesak og arbeidsforhold ved fabrikkane.

 

FORFATTARAR FRÅ SVEIO

Einar Økland

Einar Økland er fødd 1940 og vaks opp på Valevåg i Sveio, og er utdanna psykolog. Han har heilt sidan debuten vore ein sentral skikkelse i norsk samtidslitteratur, ikkje berre som skjønnlitterær forfattar, men også som essayist og medlem av den såkalla Profil-krinsen på 1960-talet. Forfattarskapen hans er mangslungen, og han har vore innom dei fleste sjangerar: humor, ironi, burleske innfall, stilistisk mangfald og språklege eksperiment pregar den skjønnlitterære verksemda hans.  Forutan skjønnlitteratur og essayistikk har Økland også gjeve ut bøker om kunst og kunstnarar og kulturhistoriske objekt.

Saman med forfattarkollegene Tor Obrestad, Kjell Askildsen, Bjørn Nilsen, Dag Solstad og Arnljot Eggen var Økland ein av grunnleggjarane av Norsk Forfattersentrum i 1968.

Den første utgjevinga hans var prosaboka «Svart i det grøne» (1967), ei samling noveller. Boka vart etterfølgd av fleire eksperimentelle prosaprosjekt. «Amatør-album» (1969) er ei særeigen blanding av minnebok, diktbok og «punktroman». Økland heldt fram med å skriva sjangeroverskridande tekstar i samlinga «Gullalder» (1972), og romanane «Galskap» (1971) og «Stille stunder» (1974). Med desse nyskapande bøkene plasserte han seg raskt som eit av dei heitaste namna i litteraturen på 1970-talet. Han har såleis også skrive skodespel.

Barnebøkene var like nyskapande. Den første barneboka bestod av lyrikk, «Du er så rar» (1973). Av andre titlar kan nemnast «Snakk med dr. Ost» (1977), «Mellom himmel og jord» (1986) og «Pennen den blå» (1992). Som barnebokforfattar har han mottatt ei rekkje prisar for sine barne- og biletbøker, som omfattar både noveller, epistlar og dikt.

Som poet omtalar han gjerne diktsamlingane sine som «folkeminne»:  «Bronsehesten» (1975), «Romantikk» (1979), «Blå roser» (1983), «Når ikkje anna er sagt (1991), «Heile tida heile tida» (1994), «Krattet på badet» (2006). Uttrykksmåten er på den eine sida enkel og folkeleg, men med ein vev av assosiasjonar og stikk og utfall mot all mogleg slags maktspråk og inngrodde vaneforestillingar.

For mange er Einar Økland like kjend essayist. Dei mange essaya og artiklane hans er samla i «Skrivefrukter» (1979), «Nå igjen» (1982), «Måne over Valestrand» (1989), «I staden for roman eller humor» (1993) og «Frå helling via hylling til halling» (1997).

Mykje ære og merksemd har vore Einar Økland til del opp gjennom åra. I 1992 var han festspeldiktar ved De Litterære Festspill i Bergen. Han fekk Aschehougprisen 1988, Doblougprisen 2000 og Gyldendalprisen 2006. I 2015 fekk han Hedersprisen på Brageprisutdelinga.

Novella «Black and Decker» – kortfilm med engelsk undertekst

Kor viktig har Økland vore? Forfattarane Helge Torvund, Øystein Hauge og Agnes Ravatn nyttar store ord når dei omtalar Økland.

 

sverre-halleraker-1

Det er og andre forfattarar frå Sveio som må nemnast: Sverre Halleraker  gav ut boka Tilbake til røtene. Livet i Sveio-bygdene på 1800-talet i 2012. Boka er eit viktig tilskot til den lokalhistoriske kulturskatten.

 

 

Magnus Skåden har skrive boka Tittelsnes før i tio (2010). Dette er ei forteljing om livet på Tittelsnes i 1950-60 åra.

Lenke til intervju i Haugesunds avis

Ander forfattarar frå Sveio er Sigurd Tveit med bøkene: Vandring i nærmiljøet (1989) og Bygdelangs (1995), Kristen Vestvik med boka: I farne tider: Bygdeminne etter kristen Vestvik (2000), Torleif Høgestøl med boka Sveio i krig 1940-45 (1995).

 

FORFATTARAR FRÅ TYSNES

johannes heggland

Johannes Heggland (1919-2008) er ein gigant i Sunnhordlandslitteraturen, med ein enorm litterær produksjon beståande av kring 70 romanar, bøker for born og ungdom og sogespel som vert framført mange stader. I tillegg publiserte han fleire større historiske verk, forutan at han var aktiv både som lokalpolitikar og i fleire kulturpolitiske organisasjonar, m.a. som ordførar på Tysnes i to periodar og som formann i Den norske forfattarforening (1982-85), medlem av Nordisk Råd sin priskomite (1983-86), medlem av Den norske forfattarforenings litterære råd, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret. Han mottok i ein lengre periode Statens Kunstnerstipend.

Sjølv om det ikkje er så mange år sidan han døydde, vert han gjerne rekna til «dei tre store» i Sunnhordlandslitteraturen, i lag med Jens Tvedt og Ragnvald Vaage. Frå debuten i 1941 og fram til han døydde i 2008 kunne Johannes Heggland sjå tilbake på ein enorm produksjon. «Eg tvilar sterkt på at nokon har skrive så mange skjønnlitterære bøker, men det finst somme som nærmar seg. Det har ikkje vore noko mål å skriva mange bøker. For meg verkar det som eg byrja i går. Det er ingen slitasje. Tvert om,» fortalde han i ein samtale med Ottar Fyllingsnes i Dag og Tid 1998.

Johannes Heggland debuterte i 1941 med romanen «Folk under fjell», som straks vart lagt merke til. Utetter 1940- og 1950-åra strøymde det på med romanar som befesta hans posisjon som ein av dei fremste nynorskforfattarane.

Ein kan kanskje dela forfattarskapen hans inn i fleire delar. I den første perioden, frå 1941 til 1962, kom det ein straum av romanar som heile tida var i utvikling og vann ein stadig større lesarkrins, med romanane «Gabriel» (1969) og «Rusdøler» (1971) som dei mest kjende. Stilen er tett og kjapp, samstundes som den er solid forankra i den breie episke og realistiske tradisjonen. Språkleg ligg forteljinga kvardagsspråket nær, med eit vell av personar, handlingar og detaljar.

Frå 1962 skifta forfattarskapen hans karakter. Då debuterte han som barnebokforfattar med «Folket i dei kvite båtane», samstundes som han også tok til å arbeida med fleire historiske verk. Fram til 1980 kom det ei rekkje bøker for born og ungdom, som regel med handling henta frå historiske hendingar, frå dei tidlegaste tider og fram til 1800-talet. Barnebøkene «Folket i dei kvite båtane» og «Den forfylgde» (1970) er òg dramatisert som høyrespel for NRK Lørdagsbarnetimen. Som lokalhistorikar skreiv han Tysnes-soga i to band utetter 1970-talet.

På byrjinga av 1980-talet fekk forfattarskapen hans «ein ny giv», med det første bandet i dei fire bøkene med den felles tittelen «Brødet frå havet». Med det kom ei fornya interesse for den litterære produksjonen til Johannes Heggland. Suksessen vart følgd opp med tre bands-serien «Seglet og vinden» og ei rekkje enkeltståande romanar som alle fekk særs mykje merksemd. Ei rekkje av bøkene gjekk i store opplag i Tyskland.

Samstundes  tok han til å skriva sogespel, omlag ti i talet, som alle vart store suksessar, særleg det såkalla Mostra-spelet som vert oppført årleg.

I 2001, i ein alder av over åtti år, tok Johannes Heggland fatt på det mest amibisiøse romanprosjektet i sin karriere, serien «Tusen vårar» som var meint å koma i ti band, eitt band for kvart hundreår sidan kristninga av landet, med Sunnhordland si historie som bakteppe. Det ville i så fall blitt eit av dei aller største romanprosjekta i norsk litteratur. Johannes Heggland arbeidde med det sjuande bandet i serien då han døydde, innpå 90 år gammal. Det sjette og siste bandet som vart gjeve ut kom nokre veker etter hans død.

15. juni 2005 vart det kunngjort frå Slottet at Johannes Heggland var utnemd til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.

Her finn du ein blogg-bibliografi med omtale av alle utgjevingane til Heggland

 

 

Sigbjørn Heie (f. 1945) har markert seg som ein fin lyrikar med ei sterk lokal tilknyting. sigbjørn heie Det er ikkje vanskeleg å kjenna att det lokale landskapet i tekstane hans – Heiebygda i Uggdal. Samstundes har han også gjeve ut ei lang rekkje barne- og ungdomsbøker som jamnt over har fått gode kritikkar.

I ein periode frå 1978 var Sigbjørn Heie redaktør i Norsk Barneblad, men har elles verka som lærar i ungdomsskulen det meste av sitt yrkesaktive liv – på Frekhaug i Meland kommune.

Heie debuterte i 1972 med diktsamlinga «Bilete». Dikta hans er gjerne oftast stillferdig naturlyrikk, t.d. «Stillferdig landskap» (1976), «Du drøymer draumen din» (1978), «Dogg» (1986) og «I solregn opnar andletet seg» (1993). Ein kan knapt kalla Heie for å høyra til dei mest høgrøysta i norsk litteratur. Prosaen hans har såleis (kanskje noko urettvist) fått meir merksemd enn lyrikken, ikkje minst romanen «Saftig salig sommar» (1982) som vekte mykje rabalder då ho kom ut, då noko av innhaldet fekk Johannes Heggland til å reagera. Novellesamlingene har elles mykje av den same vâre stemninga som lyrikken – som i «Eple i måneskin» (1977). Mykje av dei same vare stemningane frå natur og kjensleliv finn ein att i barnebøkene, som i «Sommaren det hende» (1976) og «Stjerner i åkeren» (1987). Han var også medforfattar til Sommerset-serien – ein nynorsk krimserie for ungdom på 13 bøker, som kom ut i åra 1982–87.

Sigbjørn Heie har i tillegg hatt ei rekkje artiklar på trykk i antologiar og tidsskrift, og har skrive litteraturkritikk for ulike aviser og blad. I 1997 gav Samlaget ut Dikt i utval 1972-1997.

 

ingelin røssland

Ingelin Røssland er fødd 1976 og vaks opp på Onarheim, og er dotter til søstera til Sigbjørn Heie. Sidan debuten i 1998 med «Viss du vil» har ho gjort ein nærast kometaktig karriere som ungdomsbokforfattar og vunne ei rekkje prisar. Sentrale tema i bøkene hennar er tilhøvet til foreldre og vener, og det å finna seg sjølv i ei verd som fortonar seg som kaotisk og framandsleg. Fleire av bøkene krinsar kring rus, sex og vald, både mot seg sjølv og andre, på ein temmeleg direkte måte.

Dei tre første bøkene hennar – «Viss du vil» (1998) «Kunsten å inhalera» (2001) og «Flyt» (2002) – handlar om den 16 år gamle Anette, og vart gjevne ut som samleutgåve i 2009. For den fjerde boka si, «Handgranateple» (2006), fekk ho tildelt både Sunnmørsprisen og UPrisen – og ikkje nok med det, men i 2008 kom boka på IBBY Honour List. I mellomtida, i 2007, hadde ho fått Sigmund Skard-stipendet og Guro Sandsdalens litteraturpris.

Men det er kanskje for trilogien om Engel Winge – «Englefjes» (2008), «Englejakt» (2009) og «Engleslakt» (2010) – at ho har vunne mest popularitet mellom eit større lesande publikum. Bøkene handlar om den tøffe journalistspira og bråkmakaren Engel Winge -«queen of fucking everything» – som løyser kriminalsaker på heimstaden Tysnes, m.a. som journalist i lokalavisa «Tysnes». Det var i nett denne avisa at Ingelin Røssland sjølv starta sin skrivande karriere.

I tillegg til forfattarkarrieren har Ingelin Røssland vore aktiv på fleire andre felt. Ho er utdanna skodespelar ved Bergen Teaterskole, og innan journalistikk og dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda. Frå 2003 til utgangen av 2007 var ho tilsett i NRK, der ho jobba med det populærvitskaplege tv-programmet Newton på NRK1. Ho har også arbeidd som journalist i avisene Tysnes, Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis. Frå 2009 har ho vore busett Södermalm i Stockholm.

I 2012 debuterte ho med vaksenromanen «Kirsebærsnø» som tek utgangspunkt i eit ikkje heilt ukjend plot – ein framandkar kjem til gards, og erotiske kjensler vert vekt til live. For denne boka fekk ho gode kritikkar.

På Ingelin Røssland sin eigen blogg kan du lesa meir om bøkene hennar og få med deg hennar spennande forfattarintervju

Les om Ingelin Røssland på sida til Foreningen Les

 

Gerhard Stoltz (f. 1948) debuterte først som forfattar, men valde snart å konsentrera seg om biletkunst. Han høyrer i dag til mellom dei fremste kunstnarane i landet. I dei fleste bøkene hans går tekst og illustrasjonar side om side, anten det er barnebøker, diktsamlingar eller fabulerande bøker. Gerhard Stoltz har også illustrert fleire av Einar Økland sine utgjevingar.

Sjølv om Gerhard Stoltz er bergensar, er det ikkje feil å rekna han som ein Tysnes-forfattar. Han flytta til Tysnes med familien i 1988, og har sidan den gongen skrive dei fleste bøkene sine her. Etter debuten med “Tre bidrag til myten omkring prinsesse Ira von Fürstenberg” i 1970, og den påfølgande boka  “Aclahuasi : Peru” året etter, la han pennen vekk i mange år. Først i 1990 kom det ei ordentleg bok att, og frå no av kom det ei ny bok mest årvisst.

Det er ikkje lett å setja ein merkelapp på Gerhard Stoltz, korkje som kunstnar eller forfattar. Bileta hans er særprega, og bokproduksjonen hans kan vel knapt seiast å følgja straumdraga i tida. Ein kan trygt seia at han er ein forfattar med si eiga røyst, og ein «framand fugl» både mellom forfattarane frå Tysnes og i norsk samtidslitteratur elles – og det er ikkje negativt meint! Gerhard Stoltz er eit spennande og unikt bekjentskap.

Gerhard Stoltz si eiga heimeside finn du her.

 

Frå Tysnes har kome nokre forfattarar med færre bokutgjevingar bak seg. Til gjengjeld er Claus Pavels Riis (1826-1886) som i ei årrekkje var busett på Nymark på Tysnes opphavsmann til ei av dei aller mest kjende visene i Noreg – det var nemleg her ved Onarheimsfjorden at han skreiv teksten til songen «Anne Knutsdotter». Thomas Hermansen (1853-1903) vaks opp som sonen til handelsmannen i Gjersvik ved Våge og gav i 1887 ut ei relativt nærgåande skildring av miljøet i bygda, i boka «Bygdeliv».

Trygve Lande (f. 1935) er kanskje den minst kjende av nolevande forfattarar frå Tysnes. Med ein produksjon på to utgjevingar – diktsamlinga «Mose» (1976) og romanen «Arthur Bredal 1959» (1977) – er det kanskje ikkje så rart at han har gått noko i gløymeboka for folk flest, men det tyder ikkje det same som at bøkene er av ringare kvalitet. Tvert om, ein kan undra seg over kvifor det aldri kom meir frå Lande si hand. Her er opplagt ein forfattarskap som vart avslutta altfor tidleg. Til slutt skal nemnast Knut Rage (f. 1952), opphavleg frå Stavanger og sidan 1998 biblioteksjef i Tysnes. Han debuterte som lyrikar med samlinga «Ei kvit stille» i 1997, og har også med nokre dikt i antologien «Sentimental» (2005), men har først og fremst jobba med lokalhistorie.