Lokalhistorie

Lokalhistorie er populært og mange driv med slektsgransking. På denne sida har vi samle ein del interessante lenker for dei som ynskjer å finne meir ut om slekta si eller kommunen sin. Dersom du vil leita etter røtene dine, er det mange gode lenker til kyrkjebøker, folketeljingar og meir til, på nett. Bergen offentlige bibliotek har gode og omfattande lokalhistoriesider for Hordaland og Sogn og Fjordane.

 

Andre nyttige sider:

Nasjonalbiblioteket – digitale media, mellom anna bygdebøker

Digitalarkivet – kyrkjebøker, folketeljingar

Slekt.no

Gravminner i Norge

Galleri NOR Nasjonalbiblioteket si fotosamling

Digitalt museum – søk i fotosamlingar

Kultursøk-her kan du søkja i ei rekkje norske databasar med kulturhistorisk innhald samstundes.

 

På biblioteket i Sveio finn du lokallitteratur i eit eige rom med leseplassar. Her finn du bøker om slektsgransking, bygdebøker, bøker av lokale forfattarar, bøker om Sveio og omegn m.m.

Lokalsamling2

 

 

 

Du kan og lesa i gamle årgangar av lokalavisa Vestavind.

Kårstein

Martin Glette sitt bakeri 1937-1976.

Martin Glette2

I lokalsamlinga finn ein også historia til Martin Glette sitt bakeri i Sveio sentrum. Bakeriet blei bygd i 1933. Glette kjøpte eigedommen i 1937 og starta bakeri. Sveio fekk straum ved årsskiftet 1950-51 og dei gamle kolomnane blei byta ut med elektriske omnar. Han dreiv bakeriet saman med kona Oline. Lokala vart deretter nytta av Fjæra sparebank. I dag er det cafe/restaurant her, samt utstillingslokale og leilegheiter.

Biblioteket har ei rekkje dagbøker, brødprotokollar, prislister, hovedbøker, rekneskapsbøker, kassabilag, bilete og brev frå bakeridrifta.

Matin GletteMartin Glette4