Fjordabåtar i Hordaland

Arrangement

Føredrag av Harald Sætre med tittelen: Dei kom tilbake- veteranferjer og fjordabåtar i Hordaland

Dato / tid
31.01.2019, 18:00 - 19:30


Ferjeentusiast på bibliotekturné.

Forfattar Harald Sætre har i mange år interessert seg for ferjer og samferdsle i Hordaland. Ferjeentusiasten legg ut på ein turné og vil halde føredraget «Dei kom tilbake – veteranferjer og fjordabåtar i Hordaland» på alle biblioteka i Sunnhordland frå 29.januar til 6. februar.

 

Sætre fortel frå den nyaste boka si: «61 veteranbåtar på Vestlandet», 2018, som handlar om farty som hurtigruta, fjordabåtar, fraktebåtar og agentbåtar – dei mest sentrale veteranbåtane frå fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. I føredraget kjem han inn på ferjer som har vore viktig del av samferdsla i Hordaland og om dei gamle fjordabåtane og bilferjene som er tekne vare på her i fylket.

 

Forfattaren har skrive fleire bøker om veteranbåtar, rutebåtar og ferjer knytt til Hardanger Sunnhordlandske D/S: «Damp, diesel og pågangsmot» ; «Fram og tilbake over fjorden – om HSD, ferjer, ferjekaier og ferjeruter» og «Fram og tilbake til by’n» – om rutene og båtane til HSD. I tillegg har Sætre vore medforfattar i jubileumsboka; «Eit skip heitte Stord» og har skrive ei rekkje artiklar og vore aktiv med føredrag i maritime miljø.

Sætre, som er oppvaksen i Kvinnherad kommune, er engasjert i bevaring av lokalrutebåtane på Vestlandet. Han ønskjer å synleggjera det store arbeidet mange gjer for fartyvernet og det å ta vare på eldre rute- og fraktbåtar.

Føredraget er på ca.  45 min. med høve til spørsmål etterpå.