Best før (men ikkje dårleg etter)

Arrangement

Velkommen til foredrag om matsvinn ved matreddar Mette Nygård.

Dato / tid
21.02.2019, 18:00 - 19:30


Visste du at det kvar dag vert kasta 60 000 bananar i Norge? Berre fordi folk flest vil kjøpe ei klase med bananar og ikkje single bananar.

Kvar og ein av oss kastar også i snitt 8 kg med klede og tekstilar kvart år.

Mette Nygård Havre leier folkerørsla «Spis opp maten» og selskapet Grønne verdier. Ho har djupnekunnskap om avfall og forbruk etter å ha jobba i renovasjonsselskapet BIR AS i 14 år, og har sett seg som mål å gjere heile Norge til matreddarar.

Mette har fått masse merksemd etter at ho fekk matindustrien til å endre datomerkinga frå «Best før» til «Best før, men ikke dårlig etter». Målet er at betre informasjon ut til forbrukarane skal føre til positiv endring og reduksjon av matsvinn.

No kjem Mette på turne til biblioteka i Hordaland, og torsdag 21. februar kl. 18.00 er det Sveio bibliotek sin tur. Vel møtt til eit spennande foredrag om eit veldig aktuelt tema. Etter foredraget er det høve til å stille spørsmål.

Arrangementet er ein del av fylkesbiblioteket si satsing på Bokåret 2019, og er støtta av Nasjonalbiblioteket.