Meirope bibliotek

Velkommen til meirope bibliotek i Sveio fra 10. desember 2018. For å få tilgang til ubetent/meirope bibliotek må du ta kontakt med bibliotekpersonalet for rettleiing og informasjon. Du må også skriva under på kontrakt med biblioteket og få oppgradert lånekortet ditt til tilgangskort.

Korleis?

Skriv under på kontrakten og lever den til personalet, så får du avtale om tilgang til biblioteket utanom betent opningstid. Du kjem inn på biblioteket ved å lese av lånekortet i kortlesaren ved inngangen til biblioteket og taste pin-kode. I helgene må du også lesa av kortet ditt ved inngangen til Vigdartun.  Du brukar altså same kort og kode på begge innloggingspanela. Samstundes vert det teke bilete av deg.

Kven?

Tilbodet gjeld for alle registrerte lånarar over 18 år.

Born kan nytte tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg.

Det vil vera personale i biblioteket i delar av den ubetente opningstida for å gjera kontorarbeid. Treng du hjelp- ver gild å kome i den betente opningstida.

Vårt felles bibliotek

Biblioteket er eit offentleg rom og felles eigedom som skal vere til glede og nytte for alle. Det meiropne biblioteket byggjer på eit tillitsforhold mellom brukar og bibliotek- du bør difor passe godt på og halde ro og orden.

Tilgang og bruk

  • Før du kan nytte tilbodet må du signere ein kontrakt der du skriv under på at du har lese vilkåra for meirope bibliotek.
  • Lånekortet og pin-koden er personleg og skal ikkje brukast av andre enn deg.
  • Born kan bruke tilbodet om dei kjem i fylgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for borna han eller ho tek med seg.
  • Biblioteket kan stengje tilgangen for brukarar som bryt vilkåra. Gjer du hærverk eller øydelegg noko er det du som er økonomisk ansvarleg. Alvorlege tilfelle vert meldt til politiet.
  • Du kjem inn i biblioteket ved å registrere lånekort og pin-kode i kortlesaren ved døra. Samstundes tek kameraet bilete av deg. Når du forlet lokalet trykker du på den automatiske døropnaren. Dørene står opne ei stund, ver vennleg å sjå til at ingen andre enn dei du har med deg slepp inn.
  • Det kjem melding over høgtalarane når biblioteket er i ferd med å stengje, ver vennleg å forlate biblioteket i god tid for å unngå at alarmen vert utløyst.
  • Orienter deg om kvar nødutgangane på biblioteket er. Du må forlata lokalet ved brannalarm.
  • Heile biblioteklokalet er videoovervaka. Overvakinga er for at du skal kjenne deg trygg og som vern av biblioteket sitt inventar, utstyr og mediesamling.

Servicetilbod

Når biblioteket ikkje er betent, er du sjølv ansvarleg for å nytte deg av dei tilgjengelege tenestene på ein forsvarleg måte.

Du kan nytte lesesalen og datamaskinane, samt logge deg på gjestenett.

Du kan ta utskrift direkte fra datamaskinane, men scanning og kopiering må gjerast av tilsette i betent opningstid. Me tek kr. 3,- i avgift pr. utskrift.

All form for utlån må gjerast på automaten. Innlevering kan enten gjerast på automaten eller du kan levera i luka ved inngangsdøra. Fjernlånsbøker kan ikkje lånast ut på automaten og må difor hentast i betent opningstid.

Dersom ikkje alt  materiale er lånt ut, så vil alarmen pipe når du går forbi alarmportalane ved utgangen. Gå attende til utlånsautomaten og lån ut materialet.

Skulle det oppstå ein feil med utstyret slik at du ikkje får lånt, må du  koma tilbake i den betente opningstida.

Korleis bruke automaten

Vel teneste og trykk på symbolet på skjermen (til dømes «Utlån»)

Legg kortet med strekkoden opp og juster det slik at det blir scanna. Tast pin-kode.

Legg materialet på bordet. Kontroller at talet på bøker og anna materialeer likt med talet som står på skjermen.Hvis du både skal levere og låne bøker er det lurt å halde desse fra kvarandre då maskinen registrerer i ein stor radius (registrerer i «lufta»). Trykk på kvittering på papir eller e-post. Avslutt med å trykka «Ferdig».

Når du leverer materiale vil du anten få beskjed om å setja det på innleveringshylla eller leggja det i reserveringsboksen dersom det er andre lånarar som ventar på dette materialet.