Biblioteksamarbeid

Samarbeid mellom 8 Sunnhordlandsbibliotek

Biblioteka i Sunnhordland har eit etablert samarbeid, og møtes fleire gongar i året for å drøfte ulike saker. Me har og har hatt fine prosjekt saman, til glede for innbyggjarane i Sunnhordland.

8  BIBLIOTEK – 8 TURNEAR

Biblioteka i Sunnhordland søkte midlar frå Nasjonalbiblioteket og fekk støtte til prosjeket 8 bibliotek – 8 turnear.

Kvart bibliotek skal få erfaring med å arrangere ein turne som skal gå på fleire bibliotek i Sunnhordland. Først ute var Kofteturneen med Liv J. Sandvik Jacobsen.

Kofteutstilling (17)koftekveld

I april vitjar Audun Myskja fleire bibliotek med kåseriet «Korleis hente ut eigne ressurser når livet røyner på».

Johanne Øvstebø Tvedten har også vitja biblioteka i Sunnhordland med barneteaterforestillinga «Alice i eventyrland».

 

johanne Øvstebø Tvedten

Fleire arrangement vil komme til hausten!

 

ME SNAKKAST

Er eit debattprogram der ein arbeider for å få ungdom til å debattere ulike emne. Redaktør for Framtida.no, Svein Olav Langåker har vore sentral i dette prosjektet.

Biblioteket har halde debattkurs for ungdomsrådet, og dei har i etterkant leda debatt.

Telefonbilder 2016 155Telefonbilder 2016 157

Det har vore arrangert debattar i alle sunnhordlandkommunane, både i vidaregåande skule, ungdomsskule og gjennom ungdomsråd.

I Sveio folkebibliotek har det vore debatt om offentleg kommunikasjon, kommunesamanslåing og vidaregåande skular.

debatt2images5VYCKUB0