Med vandrestav, skisseblokk og pistol

Med vandrestav, skisseblokk og pistol

Aktuelt   

«Paa flugt, paa fart over fjeldet»

Kva dreiv Catharine Hermine Kølle? Lenge før det var vanleg for ei kvinne å reise på eige hand, vandra ho år etter år i inn- og utland. Ho skildra opplevingane med akvarellar og tekstar i rikt omfang. Var det vetetrong? Sterk «inbildningskraft»? Var ho på vandring vekk frå eit einsformig liv eller sine eigne tankar?

Catharine Hermine Kølle (1788 – 1859) budde på garden Holmen i Ulvik frå 1807, saman med faren Christian og sine to yngre søstrer Helene og Ambrosia. Frå ho var trettiåtte år, la ho ut på ei rekkje reiser i inn- og utland. Ho både skreiv og måla om det ho opplevde på vegen. Ho er omtala som den første kvinnelege kunstmålaren i landet og samstundes vår første kvinnelege turist, lenge før omgrepet «turist» blei tatt i bruk. Med 250 akvarellar og 1850 sider tekst frå reisene sine, finst rike kjelder som vi no har tilgong til gjennom ei digital utstilling.

Den første reisa gjekk til København, der ho ba om hjelp mot «brystplager». Vi veit også at ho fekk råd om «mosjon og havre» frå venen Niels Hertzberg, prost i Ullensvang. Han praktiserte også som lege. Om dette var den einaste orsaka til at ho la ut på desse strabasiøse og slett ikkje ufarlege reisene, veit vi ikkje. Kan hende kan vi finne delar av svaret i kjeldene.

Gå inn i den digitale utstillinga til Universitetsbiblioteket og Universitetsmuseet i Bergen, og gjer deg opp di meining om kva som dreiv pioneren Catharine Hermine Kølle. Ustillinga er delt inn i tekstar, bilder, reiser, tankereiser med meir. Den gir eit unikt innblikk i det særeigne livet til Kølle, men også til samtida ho levde i.

MARCUS er Spesialsamlingene til Universitetsbiblioteket i Bergen sin portal til digitaliserte manuskript, fotografi, diplom med meir. Nettstaden er kalla opp etter Marcus Selmer, den første fotografen i Bergen.


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek