Har du Bibliofilappen?

Aktuelt   

Bibliofilappen kan installerast på mobiltelefonar og nettbrett med Android og iOS.

Appen gjer det lett å finne fram til biblioteket sine tenester. Du har full tilgang til søk, reservering og lånarsider. Appen gir også mogelegheit til å vise lånekortet på skjermen, slik at du slepp å ha med det fysiske lånekortet ditt til biblioteket. Lånekortet i appen kan brukast på sjølvbeteningsautomaten, i skranken og på innloggingspanel for Meirope bibliotek.

Start opp appen, vel bibliotek og logg inn på vanleg måte med lånenummer og pinkode frå ditt bibliotek. Du kan enkelt skifte mellom bibliotek, og appen gir tilgang til alle bibliotek som brukar Bibliofil.