Om Sunnhordland

Sunnhordland er eit distrikt i den sørvestlege delen av Hordaland fylke, som i dag omfattar dei åtte kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Sunnhordland har 63 680 innbyggjarar (1. januar 2014) og eit samla areal på 2 860 km². Regionsenteret er byen Stord.

Dei åtte kommunane i Sunnhordland samarbeider for å gje innbyggjarane best mogleg bibliotektilbod. På denne sida er kommunane presentert.

austevoll_kommAustevoll kommune er den største øykommunen i landet som ikkje er landfast. Austevoll kommune består av totalt 667 øyar, holmar og skjer, og av desse er det fast busetnad på Huftarøy, Selbjørn, Hundvåkøy, Stolmen, Storakalsøy, Drøna, Rostøy, Møkster, Litlakalsøy og Lunnøy. Det er fritidsbusetnad på langt fleire øyar.

Namnet Austevoll stammar opphavleg frå eit gardsnamn på øya Hundvåko. Som det todelte namnet seier skuldast det truleg at garden ligg aust på øya. Heilt sidan 1600-talet har Hundvåko vore ein kyrkjestad i Austevoll. Fram til 1891 låg hovudkyrkja i soknet her. Før 1600-talet var det øya Sandtorv som var kyrkjestad. I 1891 stod ny hovudkyrkje ferdig på Storebø. Kyrkjer finst også i Bekkjarvik og på Møkster.

Kommunevåpenet, som vart godkjend i 1984, har fire sølvsilder på skrå oppover mot ein blå bakgrunn, for å symbolisera dei rike fiskeritradisjonane i kommunen. Kommunevåpenet er teikna av John Digernes frå Haugesund. Austevoll kommune vart oppretta som eigen kommune i 1886 ved utskiljing frå Sund kommune. I 1964 vart dei søre delane av øyane Huftarøy og Selbjørn overførde frå Fitjar kommune på Stord. Jordbruk har aldri vore nokon viktig næringsveg i kommunen. Derimot er Austevoll den klårt viktigaste fiskerikommunen i Hordaland, og har rike historiske tradisjonar her. I dag er kommunen rekna som ein av landets største lakseoppdrettskommunar.

bekkjarvik_havn_wikimedia_commons

Bekkjarvik hamn. (Wikimedia Commons)

Austevoll folkebibliotek har ei lokalsamling som består av bygdebøker, bøker som omhandlar tema frå Austevoll og Hordalandsregionen, og enkelte tidsskrifter. Det er også ei fiskerihistorisk samling ved biblioteket.

  • Austevoll kyst- og sogelag driv vedlikehald av Møllo i Vestre Vinnesvåg, og dei gamle båtane ”Notmann”, ”Olav” og ”Bregdo”. Gjennom kyst- og sogelaget vert Møllo utleigd som overnattingsstad. Laget held kurs i segling, sjømannsskap og vedlikehald av gamle trebåtar. Kontaktinformasjon: smidtoy@frisurf.no

 

 

 

bomlo_kommune

Bømlo kommune er i sin heilskap ein øykommune, og omfattar Bømlo (Bømmeløy), Goddo og Moster samt ca. 1000 andre øyar, holmar og skjer. Namnet kjem av norrønt Bymbil, i slektskap med nynorsk bembel, «navle» eller «mage», her i tydinga «tjukk, oppsvulma», dvs. ruvande. Historia på desse kantar er rik og går langt tilbake i tid. Steinkyrkja ved Mosterhamn vart truleg bygd kring 1150 på tuftene av ei endå eldre kyrkje, som etter tradisjonen skal ha vore bygd av  Olav Tryggvason på slutten av 990-åra. Det var her Olav Haraldsson etablerte det norske kyrkjesamfunnet med den kristenretten han sette på rikstinget i 1024. Hendinga vert i dag markert med Mostraspelet, som kvart år vert vist på Moster Amfi. I 1995 var det ei stor markering på Moster for innføringa av kristendommen i Noreg. Her finn ein minnesteinar over Olav Tryggvason, Olav den heilage og biskop Grimkjell.

Søraust på Moster har det vore både marmor- og kalksteinsbrot. På Hespriholmen nordvest for Espevær var det ein regulær steinindustri i steinalderen, der grønstein i store mengder vart utvunne til våpen og reidskap. På Lykling på vestsida av øya Bømlo var det drift etter  gull av tre gruveselskap i perioden 1884-1910. På det meste var nærare 500 mann i arbeid her, og resultatet vart over 200 kg reint gull.

tingsteinen_ved_moste_amfi_wikimedia_commons

Tingsteinen ved Moster Amfi (Wikimedia Commons)

Kommunen vart oppretta i 1916, då den dåverande Finnås kommune vart delt i tre: Moster, Bømlo og Bremnes. I 1963 vart desse tre kommunane igjen slått saman, no under namnet Bømlo. Sine noverande grenser fekk kommunen i 1995, då den vart utvida ved at øyane Aga og Agasøster i nordaust og Vikøy, Selsøy og Gisøy i nord vart overført frå Fitjar kommune. Kommunevåpenet viser eit sjøblad i sølv på raud botn, som skal symbolisera vassliljen som er svært vanleg i tjern og vatn kringom i kommunen, men dei tre blada symboliserer også dei tre tidlegare kommunane som utgjer dagens kommune.

 

 

 

etne_kommune

Etne kommune  har ei rekkje fortidsminne som fortel om tidleg busetting. Namnet kjem av norrønt Etnir, tidlegare truleg nytta om den fjordarmen som no heiter Etnepollen, som er avleia av eit eldre elvenamn, kanskje Atn eller Etn, nytta om Etneelva. Dette har anten samanheng med etje, som tyder å «driva fram», eller ete, «den som eter eller graver».

På Helgaberg og Stødle finst det store helleristingsfelt frå bronsealderen, likeeins på Duesteinen og Bruteigsteinen i Stordalen. Frå bronsealderen er det fleire gravfelt, forutan graver og gravfelt frå eldre jarnalder og vikingtida, som er avdekka på Stødle, Grindheim og Sørheim. Det er også gjort funn av spor etter bygdeborger frå folkevandringstida, m.a. på Borgåsen ved Etnesjøen og Heia på Steine. Gardane Stødle og Gjerde har truleg vore høvdingseter i vikingtida. Storgarden Stødle var i Erling Skakke si eige, og garden Gjerde var truleg kongsgard eller krongods.

Det er fem kyrkjer og to kapell i Etne, mellom dei Stødle kyrkje i tre og stein, som er bygd i romansk stil og vart påbyrja av Erling Skakke i 1160, seinare påbygd i 1650 og 1879 og restaurert i 1958. I 2013 vart den nye Etne kyrkje vigsla, som er bygd saman med det gamle bedehuset.

akrafjorden_langfossen_wikimedia_commons

Langfossen i Åkrafjorden. (Wikimedia Commons)

I Skånevik finst det ein særprega eldre og godt ivareteke byggeskikk. Her ligg Norsk Motormuseum med hovudvekt på småbåtmotorar. Den Gamle Postvegen mellom Etne og Skånevik er anlagt som tursti. Bygdemuseet Sæbøtunet i Etnesjøen er også vel verdt eit besøk.

Kommunevåpenet vart godkjend i 1983 og har ei deling av blått og sølv med duestjertsnitt. Våpenet symboliserer samhald, og symboliserer såleis det gode samhaldet mellom dei to tidlegare kommunane Etne og Skånevik.

 

 

fitjar_kommune

Fitjar kommune består av 350 øyar, holmar og skjer og ligg nord på øya Stord. Namnet er fleirtal av norrønt fit, dvs. ‘frodig grasmark’,  særleg ved vatn. Busettinga går langt tilbake i tid. Spor av hustufter og buplassar viser at det har budd folk i Fitjar sidan kort tid etter  istida. Pollenanalysar viser at det vart dyrka korn i Fitjar for ca. 7000 år sidan. Både frå bronsealderen og jarnalderen er det gjort fleire rike  funn.

Det er fortald om Fitjar i Snorre sine kongesoger, då stormannsgarden Fitjar vart kongsgard etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike i Hafrsfjord. Sonen Håkon den gode vart drepen på Fitjar, i kamp med Eirikssønene i 961. Fleire kongar har på ulik vis hatt tilknyting til garden. Garden var krongods i fleire hundre år, fram til den vart seld i 1665.

kongsbronnen_pa_fitjar_wikimedia_commons

Kongsbrønnen på Fitjar. (Wikimedia Commons)

Fitjar kyrkje, som er ei langkyrkje i tre, vart bygd 1867. Framfor kyrkja står ei støtte til minne om Håkon den gode, laga av bilethoggaren Anne Grimdalen. Støtta vart avduka av kong Olav 5 i 1961.

Fitjar vart skild ut som eigen kommune frå Stord 1. januar 1860, samstundes som det vart eige prestegjeld i 1862, og eige lensmannsdistrikt i 1866.

Kommunen har ikkje godkjend våpen, det vert nemnd som kommunemerke av Riksarkivet. Motivet vart utforma av den lokale kunstnaren Magnus Hardeland i slutten av 1940-åra, og syner ein gullhjelm mot blå bakgrunn. Det viser til ei forteljing i Snorre, der det vert fortald at Håkon den Gode bar ein forgylt hjelm på hovudet i slaget på Fitjar 961.

 

Kvinnherad kommune

Kvinnherad kommune Ei segn frå svartedauen fortel at namnet Kvinnherad kjem seg av at ein einsleg mann kom dit og fann ei kvinne,  etter at alle kvinner i hans eiga heimbygd var døde. Språkfolk fortel derimot at det første leddet er danna av norrønt «tvinn», som tyder «todelt» eller «dobbelt», opphavleg eit fellesnamn for elvane Melselva og Hattebergselva, som møtest like før utløpet i Skålavika i Rosendal.

Den mest kjende staden i Kvinnherad er sjølvsagt baroniet i Rosendal. Slottet vart opphavleg bygd i 1660, og var fram til 1870 eit av dei største jordegodsa i landet. Hovudbygningen og prydhagen er i dag eigd av Universitetet i Oslo.

I Kvinnherad kyrkje ikkje så langt unna ligg den første baron Ludvig Rosenkranz, familien hans og seinare baronar balsamert i gravkapellet. Kyrkja er frå 1255. Ænes kyrkje i nord er frå litt før 1200. Begge kyrkjene er bygd i stein.

Frå mellomalderen er også Halsnøy kloster, som vart grunnlagd i 1164 av Erling Skakke, med ruinar, hageanlegg og gardshus i bygdeempire, bygd av stein frå ruinen av kyrkja. Eigedomen er eit av dei største gardsbruka i fylket.

Halsnøy kloster Wikimedia Commons

Halsnøy kloster (Wikimedia Commons)

Det finst også fleire museer og bygdetun i kommunen. I Rosendal er det eit skipsbyggingsmuseum, og større og mindre bygdetun på Gjerde i Mauranger samt i Omvikdalen og på Kirkhus.

Kvinnherad kommune vart oppretta i 1837, då det lokale sjølvstyret vart innført. Med unnatak av ei mindre endring av grensa mot Tysnes i 1907 var kommunegrensene uendra fram til 1964, då det meste av den tidlegare Varaldsøy kommune vart lagt til Kvinnherad, saman med  Fjelberg kommune, samt områda på nordsida av ytre del av Åkrafjorden frå Skånevik kommune. I 2013 vart kommunegrensene justert på nytt, slik at Kvinnherad no grenser til Fusa og Kvam i nordvest, Jondal i nord, Ullensvang i nordaust, Odda i aust og Etne i søraust.

Kommunevåpenet vart godkjend i 1982 og er eit blått gaffelkors danna ved bølgesnitt, mot sølv bakgrunn – eit symbol på dei mange elvane i kommunen.

 

 

stord_kommune

Stord kommune  omfattar den søraustlege halvparten av øya Stord, øyane Huglo, Føyno og nokre småøyar. Kommunen vart oppretta då  det lokale sjølvstyret vart innført i 1837. I 1863 vart Fitjar utskilt som eigen kommune, og Valestrand i 1868. Stord fekk sine noverande grenser i 1898 då øya Huglo vart overført frå dåverande Fjelberg kommune.

Namnet Stord er det opprinnelege namn på øya, av norrønt Storð. Tydinga er uviss, sjølv om ein gjerne har tolka det slik at namnet har samanheng med ster-, som tyder «noko som rager opp» – ein tenkjer då på dei høgare delar av øya. Men namnet kan òg tolkast som «ungskog, krattskog», av norrønt storð, «ungrenning, ungvokster», og siktar i så fall til dei søraustlegaste delane av øya.

I Hystadmarkjo kan ein sjå tolv gravrøyser. I nokre av dei er det gjort rike funn frå bronsealderen. I Sunnhordlandstunet i Leirvik har Sunnhordland Museum samlingane sine, med ti bygningar frå ulike stader i Sunnhordland, m. a. Ådlandsstova, ei årestove frå mellomalderen. Her er også ei rik samling modellar laga av bilethoggaren Torleiv Agdestein frå Stord.

Stord maritime museum på Leirvik er også vel verdt eit besøk. Her finn ein m.a ei omfattande samling motorar og skipsmodellar. Skipsbyggingsverksemda på Stord står sterkt, det skulle vera nok å nemna veftet i Leirvik. Men også i Sagvåg finst det ein lang båtbyggjartradisjon.

 

heistarnet_stordo_kisgruber_wikimedia_commons

Frå Stordø Kisgruber med heistårnet i bakgrunnen. (Wikimedia Commons)

 

I ein hundreårsperiode frå 1868-1968 var det ei relativt intensiv gruvedrift på Litlabø. Det er danna eit venelag for å ta vare på arven etter A/S Stordø Kisgruber, med eit gruvemuseum som m.a. har teke vare på jarnbanedrifta som gjekk inn i gruvegangane i fjellet.

Stord kyrkje vart bygd i 1857 og restaurert hundre år seinare, i 1957. Utanfor kyrkja er det reist eit krigsminnesmerke over dei falne under andre verdskrigen, laga av kunstnaren Torleiv Agdestein.

Kommunevåpenet for Stord, som vart godkjend i 1987, syner ein kristtorn i gull mot raud bakgrunn. Planten er vanleg på øya og er eit kjennemerke for kommunen.

Stord folkebibliotek har forutan ei lokalhistorisk avdeling fleire spesialsamlingar av lokalhistorisk interesse:

I Lokalsamlinga har biblioteket samla bøker og trykk som har Stord som tema. I tillegg inngår m.a. bygdebøker frå vårt distrikt i samlinga. Lokalaviser, kyrkjebøker og andre kjelder til lokalhistoria finst på mikrofilm. Biblioteket har eige leseapparat. Det er ein føremon å reservera tid for bruken av den lokalhistoriske samlinga på førehand.

 

Sveio kommune

Sveio kommune vart oppretta som kommune i 1865 då området vart skilt ut frå den dåverande Finnås kommune, samstundes som        Vikebygd vart innlemma i kommunen inntil 1902, då Vikebygd vart skilt ut frå Sveio som eigen kommune. Dei noverande grensene fekk  Sveio i 1964, då Valestrand og vestre del av Vikebygd vart lagt til kommunen. Sveio grenser i dag til Haugesund og Tysvær i sør og  Vindafjord i søraust, som alle i Rogaland. Sveio har grense mot Bømlo i Bømlafjorden i nordvest og Vindafjord i Ålfjorden i aust. Namnet kjem av norrønt norrønt Sviða, av sve, «stad som er rydda ved brenning». Fram til 1912 vart namnet skrive «Sveen».

På Røykenes ved Ålfjorden finst det spor av ein bygdaborg. Elles er Sveio prega av kystkultur. På Ryvarden finn ein kulturfyr med kafe og kunstgalleri, etablert etter at fyret vart automatisert i 1984. Det er også laga ein kystlandskapspark i sørvest der Bømlafjorden opnar seg mot havstykket Sletta. Valevåg er komponisten Fartein Valen si heimbygd.

Ryvarden fyrstasjon Wikimedia Commons

Ryvarden fyrstasjon. (Wikimedia Commons)

Kommunevåpenet vart godkjend i 1982 og har ein kløvd sølv lilje mot raud bakgrunn. Motivet er henta frå eit våpen som vart brukt under hyllinga av Christian 4 i 1591.

 

 

 

 

 

 

 

 

tysnes_kommuneTysnes kommune ligg lengst nord i Sunnhordland, mellom Langenuen i sørvest og Bjørnafjorden i nord, Lukksundet i aust og delar av  Hardangerfjorden i søraust. Kommunen består av totalt 171 små og store øyar. Dei største øyane er Tysnesøy, Reksteren og Skorpo.

Som så mange andre kommunar vart Tysnes kommune oppretta i 1837 i samband med det lokale sjølvstyret. Sine noverande grenser fekk Tysnes i 1907, då eit mindre område på fastlandet i aust vart lagt til Kvinnherad.

Tysnes vert gjerne kalla gudenes øy. Namnet på øya kjem frå krigsguden Tyr. Eit eldre namn på øya er Njardarlog, som kan omsetjast med guden Njord sitt lovområde. Mange andre stadnamn vitnar også om heidensk gudedyrking, som Ve med Helgastein, Godøya, Vevatne og Lunde (heilag lund). Fleire av dei større eigedomane har vore adelege setegardar, som Gjersvik, Hovland og Onarheim. Det er gjort ei rekkje oldfunn i Tysnes, som det godt bevarte gravfeltet frå jarnalderen på Årbakka.

Godosund_on_the_Hardanger_Fjord

Den tradisjonsrike gjestgjevarstaden Godøysund. (Wikimedia Commons)

 

På nordspissen av Tysnesøy ligg Godøysund, ein gammal traktør- og handelsstad, som no er nedlagt fjordhotell. Solstråleøya, som vart gjeve som gåve til kongehuset i 1905, er i dag teke i bruk som friluftsområde etter at øya vart tilbakeført til kommunen etter kong Olav V sin død.

I heia over Nedrevåge nordaust for Onarheim ligg Uren Luren, plassen der diktaren Claus Pavels Riis skal ha fått inspirasjon til den kjende songen om Anne Knutsdotter.

Kommunevåpenet vart godkjend i 1971 og består av ein sølv sparre over to krosslagde sølvøkser mot blå bakgrunn, og syner til seglet som vart nytta av det gamle Olavsgildet på Onarheim.