Press Reader

Digitale aviser og tidsskrift

Digitale aviser og blad heilt gratis

No kan du nytte tenesta PressReader heimefrå om du loggar deg inn i MappaMi eller Bibliofil-appen. Tenesta gjev deg tilgong til nye digitale aviser og magasin i komplett digital utgåve.

Me håpar du vil ha glede av dette tilbodet frå Folkebiblioteka i Hordaland.

PressReader er ei teneste som gjev tilgong til over 6000 aviser og magasin frå meir enn 125 land på 60 ulike språk.

Er du hekta på eller skremd av amerikansk politikk? Her finn du gode nyhetskilder. Du kan sikkert også finne «fake news» om det er det du vil ha …

Har du ein hobby? PressReader har magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje, mykje meir.

Vil du lære eit nytt språk? Her finn du massevis av aviser og magasin du kan lese.

Saknar du lesestoff på morsmålet ditt? Det vil overraske oss om du ikkje finn noko av interesse i PressReader.

På biblioteket

Bruker du ei av biblioteket sine datamaskinar, eller eigen maskin på biblioteket sitt nett, vil du finne tenesta på https://www.pressreader.com/. For mobile einingar finst det ein app du kan laste ned gratis frå App Store eller Google Play.

Når du er heime

Logg deg inn i Mine lån (MappaMi) frå biblioteket si nettside eller websøk. Då finn du PressReader under Meir > Logg inn i PressReader.

Om du bruker Bibliofil-appen, må du opne menyen oppe i venstre hjørne, og logge inn i PressReader.