Lånekort og lånereglar

Lånekort og lånereglar

Eit bibliotekkort gir deg nøkkelen til kunnskap og opplevingar som er heilt gratis. Du kan låne bøker, lydbøker (cd og mp3), dvd-ar og cdar, samt låne e-bøker. Merk: personar under 15 år må ha underskrift av føresette.

nasjonalt lånekort

  • Bibliotekkortet er gratis for alle.
  • Vis legitimasjon ved innmelding.
  • Du kan velje mellom eit lokalt og eit nasjonalt lånekort. Det lokale kan du berre bruke på Sveio folkebibliotek, medan den nasjonale kan du bruke over heile landet. Skal du ha nasjonalt lånekort, må du opplyse om personnummeret ditt.
  • Alle personar under 15 år må ha underskrift frå føresette for å få bibliotekkort.
  • Hugs å melde adresseendring.
  • Misser du lånekortet, kostar eit nytt kr 20,-

Lånetid:

  • Lånetid for bøker, lydbøker og spel er 4 veker. Dvdar og tidsskrift kan du låne i 2 veker.
  • Du kan fornye alle lån dersom det ikkje er venteliste. Det kan du gjera på telefon (53 74 80 75), på heimesida (www.sveiobibliotek.no) eller via appen «Bibliofil».
  • Dersom du ikkje held lånetida, vert det gebyr og eventuelt erstatningskrav. Purregebyret  er på kr 20,- per varsel. Når samla purregebyr er på kr 150,- vert lånekortet sperra til gebyret er betalt. Etter 3. purring vert det sendt rekning.I Bibliofil kan du bruke eit regionalt samsøk og oppdage fleire titlar som er av interesse. I dei fleste tilfelle kan du låne denne tittelen frå eigarbiblioteket og hente boka på ditt eige bibliotek. Logg deg inn i «Mappa mi», søk opp aktuell tittel eller aktuelt emne og klikk på eit bibliotek som har boka. Vel så kva for bibliotek du ynskjer å hente boka på og klikk «Reserver/hald av». Finst boka på ditt eige bibliotek, får du melding om det. Når bestillinga er sendt, får du ei stadfesting, og bestillinga vil visast i «Mappa mi» saman med eventuelle andre bestillingar og lån. Merk: Biblioteka kan ha forskjellege dataprogram, så det er ikkje sikkert at tjenesta er tilgjengeleg i alle bibliotek
  • Biblioteket vil gje deg beskjed når boka er komen. Spør personalet om det er noko du lurar på.
  • Norgeslån – Lån overalt, levèr overalt med nasjonalt lånekort!