Fornying av lån

På nettet kan du fornya lån, søka etter lesestoff, få lesetips og reservera bøker, lydbøker og filmar, med meir. Men bøker som er lånte frå andre bibliotek må du kontakta biblioteket ditt for å få hjelp til å fornya.

Mappa mi og kikkhullet

mappa mi

Mappa mi gjev deg oversikt over eigne lån og reserveringar. I Mine lån kan du logga inn med lånenummeret ditt (sjå lånekortet) og passord. Dei tre fyrste gongene kan du nytte fødselsdatoen som passord (PIN-kode). Du kan også få passord ved å senda ein epost til biblioteket@sveio.kommune.no

Du får oversikt over låna og reserveringane dine med menyvalget «Lån». Her kan du fornya lån og sletta reserveringar.

Først får du fram lån og reserveringar i ditt heimebibliotek, deretter lån og reserveringar ved andre bibliotek du brukar.

kikkhullet