Lån ei e-bok

Sjå korleis du kan låne e-bøker frå biblioteket.

e-lån

Biblioteka i Hordaland låner ut e-bøker. Vi brukar utlånssystemet eBokBib. Systemet består av ein app som du kan lasta ned til din mobiltelefon eller nettbrett. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Hordaland.

 

 

Korleis låne e-bøker?

  1. Søk etter eBokBib og last ned appen til di mobile eining via App-store eller Google-Play
  2. Logg inn med ditt Nasjonale lånenummer og tilhøyrande pin-kode.
  3. Bruk menyen til venstre for å sjå ein oversikt over dine lånte og reserverte bøker, samt sjå eit utval og anbefalingar. For å finne søkjefeltet trykker du på utval, då vil du sjå «forstørringsglaset» oppe i høgre hjørne.Appen har ein synkroniseringsfunksjon, som betyr at du kan veksle mellom bruk av mobil og nettbrett og samstundes ha full oversikt over kor langt du har komen i boka. Du kan i tillegg endre skriftstørrelse, bakgrunnsfarge og lysstyrke.

eBokBib
Appen har ein synkroniseringsfunksjon, som vil seie at du kan veksle mellom bruk av mobil og nettbrett og samstundes ha full kontroll over kor langt du har kome i boka. Du kan i tillegg endre skriftstørrelse, bakgrunnsfarge og lysstyrke.

 

Treng du hjelp?

Sjå utskriftsvennleg pdf-fil – Rettleiing for eBokBib eller video på YouTube