Ungdommens kritikerpris til Nina Lykke!

Ungdommens kritikerpris til Nina Lykke!

Aktuelt   

Nina Lykke fekk Ungdommens kritikerpris 2017 for romanen «Nei og atter nei».

Sju juryklassar i vidaregåande skule har i løpet av fire månader lese og diskutert dei åtte nominerte bøkene til Ungdommens kritikerpris. Prisen vart delt ut på Sentralen i Oslo med juryklassane og dei nominerte forfattarane til stades. Elevane kåra Nina Lykke til vinnar av prisen.

– Dette var fantastisk! Jeg er veldig overrasket. Å bli nominert betydde mye, men å vinne i tillegg er nesten uvirkelig i et sånt selskap. Tusen takk til alle elevene som har lest og vurdert boka, og til lærerne som har jobbet med prisen i klasserommene, sa Lykke etter å ha motteke prisen.

I utsegna til juryen heiter det mellom anna:

Romanen er meir tragisk enn morosam, men han brukar humor for å opna opp alvorlege tema. […] Mange av oss tenkjer og reflekterer over samfunnet, verda og livet på nye måtar etter å ha lese boka. Boka treffer generasjonen vår. […] Det er ein samfunnskritisk og generasjonskritisk roman som gjer at vi tenkjer over liva våre og kva som verkeleg er viktig i livet.

Dei nominerte var:

  • Nina Lykke: Nei og atter nei. Oktober
  • Vigdis Hjorth: Arv og miljø. Cappelen Damm
  • Thomas Marco Blatt: Varsjøen. Kolon
  • Kjartan Hatløy: Den kvite vegen: stemningar frå Salbu. Oktober
  • Gro Dahle: Søster. Cappelen Damm
  • Terje Holtet Larsen: Angiveren. Oktober
  • Victoria Kielland: Dammyr. No Comprendo Press
  • Inghill Johansen: Bungalow. Oktober

Juryklassene kom frå desse skulane:

  • Akershus: Bjertnes, 2. klasse STF
  • Sør-Trøndelag: Strinda, 2. klasse STF
  • Finnmark: Kirkenes, 2. klasse, Helse og oppvekst
  • Hordaland: Knarvik – Hordaland, 2. klasse STF
  • Hedmark: Hamar katedralskole, 2. klasse STF
  • Rogaland: Stavanger offshore, 2. klasse, Brønnteknikk
  • Aust-Agder: Møglestu, 1. klasse STF

Nominasjonsjuryen har bestått av kritikerne Silje Stavrum Norevik, Olav Løkken Reisop og Morten Langeland.

 Om Ungdommens kritikerpris

Ungdommens kritikerpris er et samarbeid mellom Foreningen !les, Utdanningsforbundet, Norsk Kritikerlag og Den norske Forleggerforeningen. Les mer på www.ungdommenskritikerpris.no

Om Foreningen !les

Foreningen !les er en ideell medlemsorganisasjon som ble stiftet i 1997, og er blant Norges fremste formidler av litteratur til barn, ungdom og voksne. Les mer på www.foreningenles.no


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek